Krigsfangar i Bodø

Fra Kjenn Bodø
Hopp til navigering Hopp til søk

Av Kjell Risa

Bakgrunn

En oversikt over bynære fangeleire under krigen. En bearbeidet versjon av Thomas Lillevoll sin original.

Sommaren 1941 gjekk Tyskland til åtak på Sovjetunionen. Det første året hadde Tyskland stor framgang og tok heile seks millionar krigsfangar.

Den tyske krigsmakta meinte at den slaviske befolkninga var «untermenschen» som fortente å døy. Heinrich Himmler sa at han ikkje brydde seg om lagnaden til slaviske krigsfangar, dei var berre brukande som slavar for å hjelpe til med å byggje vegar, jernbane, arbeide i industrien og utføre arbeid som den tyske krigsmakta prioriterte.

Nikolaus von Falkenhorst, tysk militærsjef i Noreg, ba om å få 145.000 krigsfangar til Noreg til alt arbeid som skulle gjerast her i landet.

Det kom vel 100.000 krigsfangar til Noreg. Av dei kom vel 20.000 til Nordland. Bodø hadde om lag 2.000 krigsfangar. I heile Noreg var det meir enn 500 krigsfangeleirar. I Bodø var det snaut ti krigsfangeleirar.

Krigsfangar var soldatar som vart tekne til fangar av fienden i kampar på slagmarka. I tillegg kom det og ein del tvangsarbeidarar til Noreg under krigen. Ein tvangsarbeidar er ein sivil person som ufrivillig vart sett til å arbeide på militære anlegg.

Tvangsarbeidarar fekk ofte litt løn og kunne ha litt betre arbeidstilhøve enn krigsfangar. Ein del som gjorde arbeid for tyskarane var rekruttert av tyske styresmakter og kunne ha løn og tilhøve på jobb som var litt betre enn tvangsarbeidarane.

Sovjetunionen bestod under andre verdskrig av mange nasjonar i tillegg til Russland. Det kom og krigsfangar og tvangsarbeidarar frå land som Polen, Ukraina og Jugoslavia.

Krigsfangeleirar i Bodø

I det som i dag er Bodø kommune var det om lag ti krigsfangeleirar. Ikkje alle var i drift under heile krigen og nokre fangeleirar er det lite informasjon om. Vi avgrensar oss til dei største og mest kjende, sentrale krigsfangeleirane i Bodø som var i drift heilt fram til slutten av krigen i 1945. Det var og leirar på Straumøya og Eide, Kjerringøy.

Skeiddalen/Bodøgård

I Skeiddalen attmed Bodøgård og Bodin kirke kom det nokre polske krigsfangar sommaren 1941 som bygde det som skulle verte ein fangeleir. Det vart sett opp 12 brakker av kryssfiner og etter ei stund kom det om lag 400 russiske krigsfangar. Krigsfangane vart sett til å arbeide rundt om i Bodø ved festningsanlegga og ved flyplassen. Fangeleiren i Skeiddalen var ein av dei verste i distriktet. På slutten av krigen vart fangeleiren i Skeiddalen ein rein straffeleir.

Tjønndalen

I Tjønndalen var det en fangeleir for nordmenn som arbeida for tyskarane. Norske tvangsarbeidarar og straffangar arbeidde her med å setje opp staller for det tyske kavaleriet.

Rønvikleira/Teglverket

Teglverket på Rønvikleira var ei stor inntektskjelde på den tyske krigsmakta. Fleire hundre russiske krigsfangar produserte 40-50 tusen teglsteinen i veka. Teglstein var eit viktig byggemateriale under krigen.

Bremnes Fort/Storvollen på Løp

Bremnes Fort var eit kystbatteri som vart påbegynt hausten 1940. Kanonstillingar, bunkere, fjellanlegg og brakker kom etterkvart opp. Det var om lag hundre russiske krigsfangar i fangeleiren på Løp. Bremnes Fort vart og forsynt med oppumpa vatn frå denne fangeleiren. I 1943 var det registrert 70 fanger ved fortet.

Langstranda

Frostfilet på Langstranda vart etterkvart den største fiskeforedlingsbedrifta i Europa som forsynte Tyskland og tyske soldatar med bearbeida fiskeprodukter. Fabrikken hadde vel eit tusen arbeidarar. Mange av desse var ukrainske kvinner.

Rønvik Sjukehus/asylet/4 H garden

Dette var en fangeleir for polske krigsfangar. Dei arbeidde på festningsanlegga på Tyskhaugen.

Her var det to krigsfangeleirar, øvre og nedre leir, der fangane arbeidde på kystforta i området, Straumøy Nord og Süd. Det var arbeidarar frå ulike land som arbeidde der.

Seines på Straumøya

Her var det to krigsfangeleirar, øvre og nedre leir, der fangane arbeidde på kystforta i området, Straumøy Nord og Süd. Det var arbeidarar frå ulike land som arbeidde der.

Krigsfangeleirane både i Bodø og elles i landet var dårleg isolerte og vindfulle. Fangane arbeidde frå 07 til 17 kvar dag. Behandlinga av krigsfangane var forferdeleg. I eit tilfelle måtte nokre russiske fangar grave si eiga grav før dei vart skotne og drepne av vaktene. Fleire hundre krigsfangar døydde i Bodø.

Folk i Bodø hadde opplevd bombinga av byen 27. mai 1940, dette var på ein måte Bodø sitt «9. april».

Frå sommaren 1941 og fram til freden i 1945 vart mange i Bodø tilskodarar til ein tysk brutal krigsfangepolitikk. Folk i Bodø vart vitne til ein krigskvardag utvikla på Austfronten med mishandling og utsulting av krigsfangar. Dette gjorde eit sterkt inntrykk.

Seinare lagnad til krigsfangane

Av dei vel 100.000 krigsfangane døydde om lag 13.700 i Noreg. Dette er fleire enn dei vel 10.000 nordmennene som mista livet som følge av krigen i Noreg.

Av om lag 6 millionar krigsfangar i Europa var det om lag halvparten som døydde i fangeleirane.

Jamvel om det døydde mange krigsfangar i Noreg, var det likevel prosentvis langt færre enn i resten av Europa. Det var forbode å ha kontakt med krigsfangane og straffbart å gi fangane litt mat. Likevel var det ein god del som trassa dette forbodet.

Mange krigsfangar vart gravlagde på ulike stader både i Bodø og elles i Nordland. I 1951 vart fleire av desse gravene opna og restane av lika vart samla på ein stor felles gravplass på Tjøtta litt sør for Sandnessjøen.

Mange i Bodø møtte opp på kaia på 4. juli 1945 då dei overlevande russiske krigsfangane vart frakta med eit skip til Narvik. Frå Narvik gjekk turen til Sverige og deretter heim til Sovjet. Fleire av dei russiske krigsfangane fekk ei dårleg behandling då dei kom heim til Sovjet. Nokre vart sende til nye fangeleirar i Sibir.

På Krigsminnemuseet i Hålogalandsgate 110c handlar ein del av utstillingane våre om historia til krigsfangane i Bodø under krigen. Her kan du sjå bilete av krigsfangar på veg til jobb, du kan sjå ei oversikt over kvar leirane var plasserte, kva utstyr dei brukte på arbeidet sitt og du kan og sjå ein del eksempel på suvenirar russarane laga på brakka. Krigsminnemuseet er ope tirsdagar kl. 10 - 14 og søndagar kl. 12 – 15


Hovudkjeldar for det generelle perspektivet på krigsfangar er:

Marianne Neerland Solheim: Sovjetiske krigsfanger i Norge 1941 - 1945: antall, organisering og repatriering. Spartacus forlag 2009.

Meir spesifikt om krigsfangane i Bodø er det kontakt med Thomas Lillevoll og nettsida hans som er bruka.


Kjell Risa




Kjell Risa født i Stavanger 1949 Leiar av Krigshistorisk forening, tidlegare FN- soldat i Libanon Pensjonist, statsvitar, tidlegare universitetslektor ved Nord Universitet