Bodø krigshistoriske museum
Ein godt bevart løyndom i Bodø
Kjell Risa, leiar i Krigshistorisk forening Bodø
Køyrer du langs Hålogalandsgata og kjem til nummer 110 så går det ein liten avstikkar inn til nummer 110c. Her held Bodø krigshistoriske museum til. Bygget vart oppført av den tyske krigsmakta i 1940/41 og var under krigen eit slags servicebygg for drift av plankeflyplassen tyskarane bygde like ved. I servicebygget var det mellom anna brannstasjon og sanitet. Framfor bygget førte den tyske krigsmakta seinare opp ein sambandsbunker som nå nettopp er restaurert og er tilgjengeleg for publikum. Bodø krigshistoriske museum kom inn i og fekk leige bygget i Hålogalandsgate 110 av Bodø kommune i år 2000. Museet har vore her i snart 25 år.
Bodø Krigshistoriske Forening eller tidlegare kalla Krigshistorisk Gruppe Bodø (KGB) har ei historie tilbake til 1970.
Dei første åra ville mange ikkje snakke om alt det grusomme som skjedde under krigen. Vi skulle helst gløyme og heller ha fokus på oppbygging av landet. Her i Bodø vart byen bomba 27. mai 1940, så det var mykje å bygge opp att. KGB vert stifta (Krigshistorisk Gruppe Bodø).
I 1970 møttes nokre folk i Bodø og stifta Krigshistorisk Gruppe Bodø (KGB). Vi burde ikkje gløyme det som skjedde under krigen. Vi burde fortelje krigshistoria til nye generasjonar og ta lærdom av det. KGB samla inn gjenstandar og bøker frå krigens dagar og heldt dei første åra til i eit lagerbygg i Moloveien og seinare på Bremnes Fort. Krigsseglarane får sitt si eiga utstilling.
Etter at krigshistorisk forening fekk leige bygget i Hålogalandsgata 110 c av Bodø kommune, fekk foreninga besøk av Bodø og omegn Krigsseilerforening. Dette var ei eiga forening som vart danna for at krigsseglarane skulle kome saman og kjempe for sine rettar. Dei hadde sine møter i ein kjellar i Professor Schyttes gate. Av fleire gode grunnar kjende dei seg urettferdig behandla av Staten etter krigen.
På byrjinga av 2000-talet hadde dei fleste medlemmene av krigsseglarforeninga nådd ein høg alder og innsåg at foreninga sine dagar snart var talde. Dei ville slik gi sine arkiv og gjenstandar til krigshistorisk museum i Bodø. Dei ønskte at museet skulle fortelje krigsseglarane si historie i eit eige rom på museet, noko dei fekk.
Museet er i dag eit av svært få krigshistoriske museer som har ei eiga avdeling for krigsseglarane si historie. Krigshistorisk forening har samla inn pengar og fått sponsorar med på å setje opp eit minnesmerke utafor museet som heidrar krigsseglarane. Her vert det både 8. og 17. mai lagt ned kransar.
Veteranene frå internasjonale operasjoner har si utstilling på museet.
NVIO (norske veteranar frå internasjonale operasjonar) har eit nært samarbeid med krigshistorisk forening. For nokre år sidan fekk veteranforeninga tildelt eit eige lite rom på museet der dei laga ei miniutstilling over mange internasjonale operasjonar som vel 800 soldatar frå Bodø har vore med på i etterkrigstida.
Mange skoleelevar som besøker museet synes krigshistoria er interessant, men det finnes og nokre som lurer på om det er nokon grunn til å framleis lære om 2. verdskrig. Vi i Noreg har trass alt hatt fred i snart 80 år. Det er viktig at eit krigsmuseum ikkje berre skal fortelje fakta om det som skjedde under andre verdskrig. Eit krigsmuseum skal og vera ein stad for samtale og refleksjon om spørsmål knytta til krig og fred. Det er viktig å ikkje gløyme det som skjedde under andre verdskrig. Vi må lære av det og bruke det i drøfting av korleis vi kan bidra til ei fredelegare framtid for alle. Ikkje minst i Bodø er dette viktig, der nesten heile sentrum vart lagt i ruinar på bombedagen 27. mai i 1940.
Krigshistoria i Bodø er viktig
Personane som rundt 1970 tok initiativ til ei krigshistorisk gruppe i Bodø er nå alle borte. Ein av stiftarane, Odd Horsdal, døydde nå i år. Mange har gode minner om Odd Horsdal sine engasjerte forteljingar om korleis han opplevde andre verdskrig her i Bodø.
Vi som nå driv museet på frivillig basis er stort sett alle frå etterkrigsgenerasjonen. Krigsmuseet i Hålogalandsgata har mange historier å fortelje frå andre verdskrig med stor vekt på lokal krigshistorie. Museet har mange interessante gjenstandar og bøker samla inn dei siste vel 50 åra. Museet har avdelingar for krigen på landjorda, krigen slik krigsseglarane opplevde det, fredsoperasjonar lokale soldatar frå Bodø har vore med på i etterkrigstida og har ein nyrestaurert sambandsbunker med ei miniutstilling like utafor museet. Den største bunkeren i Bodø ligg på Jentofthaugen. Den er og godt restaurert dei seinare åra og er nå eit eige Bunkermuseum.
Vi skulle gjerne hatt fleire som besøkte oss. Besøkande er ikkje berre frå Bodø, men like gjerne frå andre delar av landet. Vi har og fleire utlendingar som kjem på besøk, mest svenskar, men og folk frå Nederland, Tyskland, USA og ein del andre land. Vel 2/3 av dei besøkande er menn og 1/3 er kvinner. Tilbakemeldingane frå dei som besøker oss er svært gode, vi har eit stort og variert utstillingsområde og vi har mange originale og interessante gjenstandar frå krigstida.
I tillegg til dei fysiske utstillingane arrangerer Krigsminnemuseet og Bunkermuseet fleire krigshistoriske foredrag årleg og også krigshistoriske turar både i Bodøområdet (Tyskerhaugen, Bodømarka, Seines) og i Nordland (Saltdal, Svolvær).
Mange i Bodø seier dei aldri har høyrt om Bodø krigshistoriske museum. Løyndommen er no avslørt.
Bodø krigshistoriske museum er ope to dagar i veka; tirsdag kl 10.00 – 14.00 og søndag kl 12.00 – 15.00. På forespørsel kan vi gjerne ta omvisning utanom åpningstidene. Kom innom og lær meir om historia til byen – Kjenn Bodø.
Kort CV – Kjell Risa
Kjell Risa er født i Stavanger i 1949, og vaks opp på Ualand i Sør- Rogaland. Kom til Bodø i forbindelse med arbeid på Arbeidsformidlinga der han jobba som sakshandsamar og distriktsarbeidssjef frå 1972 til 1998. Universitetslektor ved Nord Universitet frå 2000 til 2016. Hovudfag i statsvitskap frå Tromsø. I 1978 var Risa FN-soldat i Libanon. Forfattaren har sidan 2021 vore leiar i Krigshistorisk foreining Bodø.
-
Flyfoto frå 11. august 1945 som viser den tyske plankeflyplassen.
-
Den tyske plankeflyplassen i bruk under krigen.
-
Ein bit av plankeflyplassen tyskarane bygde i 1940.
-
Monumentet til ære for krigsseglarane utafor museet.
-
Krigsfangar i Bodø. Frå 1943 var det om lag 2.000 krigsfangar fordelt på seks fangeleirar i Bodø. Dei kom frå Sovjet og andre land i Aust-Europa og skulle arbeide med vegar og bygg for tyskerane.
-
Bodø sykehus vart skadd av bomber 27. mai 1940 trass i raudekross merking på taket.